Norgesmeisterskap i vindtunnelflyging
I mars 2025 samlast utøvarar frå heile landet til dyst på Voss. Og du kan delta!
Voss Kroppsfykarlag, i samarbeid med VossVind, inviterer til norgesmeisterskap i vindtunnelflyging den 21.–22. mars. Arrangementet finn stad i Noregs første vindtunnel.
Gjennom to dagar skal laga måle krefter i disiplinar som FS4, dynamisk 2-way, freestyle, freefly og VFS4, i tillegg til VFS2 og ein eigen klasse for nybyrjarar. Dette er ei unik moglegheit til å oppleve sporten på nært hald, både for deltakarar og publikum.
Konkurransen legg vekt på å fremje vindtunnelflyging som sport, styrke samhaldet mellom utøvarar, dommarar og arrangørar, og ikkje minst leggje til rette for læring og kompetanseutvikling på tvers av nivå.
Fredag 21. mars startar meisterskapet med ei offisiell opningsseremoni før konkurransen set i gang med dei første rundane. Laurdag held konkurransen fram, før meisterskapen vert avslutta med premieutdeling og bankett. Konkurransen vert strøymd live, slik at interesserte frå heile landet kan følgje med på dei spennande rundane i vindtunnelen.
Treningdeal
For dei som ønskjer å førebu seg best mogleg, tilbyr VossVind trening til 4500 kroner per time for påmeldte lag. Dette gir laga moglegheit til å lære nye ferdigheiter, finpusse teknikkar og bygge god lagånd før konkurransen startar.
Eit meisterskap for alle
Norgesmeisterskapet i vindtunnelflyging er ikkje berre ein arena for dei mest erfarne utøvarane. Med eigne klassar for nybyrjarar og rekruttar, samt eit opent miljø som legg til rette for læring og erfaringsutveksling, er dette ei helg der både konkurranseinstinkt og fellesskap står i sentrum.
Enten du er ein erfaren kroppsflygar, ein nysgjerrig tilskodar eller ein ny utøvar som ønskjer å teste ferdigheitene dine i vindtunnelen, er NM på Voss eit arrangement du ikkje vil gå glipp av. Påmeldinga er open, og det er framleis mogleg å sikre seg plass i meisterskapet.