Luke 22: Voss Kroppsfykarlag
Her kjem litt om kva Voss Kroppsfykarlag har gjort i år.
NM i innandørs kroppsflyging i mars
Det var heile 32 lag og over 100 utøvarar som deltok på årets NM i greinene FS4, FS4 intermediate, VFS 2, D2W, FF intermediate, freestyle, freestyle intermediate og FS2 for nybegynnere.
Mykje bra flyging og god stemning. Voss Kroppsfykarlag hadde deltakarar i dei aller fleste greiner.
BlimE-dansen
I haust laga Voss Kroppsfykarlag og VossVind sin eigen versjon av NRK sin BlimE-dans «Sveve høyt». Her var det fleire medlemmer med, i tillegg til andre born. Utruleg artig!
Sjå den her (anbefales)!
TV-aksjonen
Voss Kroppsfykarlag laga vafler og selde hjå VossVind laurdagen før TV-aksjonen, der all inntekt gjekk til TV-aksjonen.
Halloween-arrangement for born
Ilag med Vekselbanken og VossVind hadde me eit arrangement med gratis flyging for over 40 born 31.oktober. Dei stilte i kostyme, flaug og fekk ein liten goodiebag kvar. Alltid eit populært arrangement som vert fort fullt.