Jentesamling i luftsport på Voss

Fleire og fleire kvinner tek plass i lufta, utviklar seg og byggjer nettverk. No inviterer ei gruppe engasjerte utøvarar til ei samling på Voss frå 28. mai til 1. juni 2025.

Helga byr på varierte aktivitetar tilpassa både nybyrjarar og erfarne utøvarar. Fallskjermhopparar kan delta i organisert hopping ved Voss Fallskjermklubb, medan dei som flyg paraglider eller speedrider, kan utforske fjella rundt Voss gjennom guida hike & fly-turar, i tillegg til flyging frå dei lokale startstadene på Voss. Hos VossVind kan alle fly, og det vert òg felles flyging for alle.

I tillegg til sjølve flyginga er det lagt opp til fagleg påfyll og sosialt samvær. Kvar kveld samlast deltakarane til samtalar, erfaringsutveksling og inspirasjonsføredrag. Målet er å byggje eit sterkt nettverk av kvinner i luftsporten og å skape ein møteplass der ein både kan utfordre seg sjølv og støtte andre.

I prisen er overnatting på Haugo Utleige inkludert, og dette blir òg samlingspunktet for arrangementet.

Voss er ein ideell stad for ei slik samling, med spektakulær natur og eit aktivt luftsportmiljø. Her kan deltakarane kombinere sporten med naturopplevingar og sosialt fellesskap. Initiativet kjem frå kvinner med solid erfaring innan luftsport, som ønskjer å leggje til rette for at fleire kan finne sin plass i miljøet, samt byggje nettverk som stimulerer til vidare aktivitet og utvikling for utøvarane.

Enten du ønskjer å utvikle deg vidare innan din sport, eller berre vil bli del av eit inkluderande fellesskap, er denne helga ei god moglegheit.

Påmeldinga skjer her. Du kan og finne meir informasjon i facebook-eventet.

Vi håpar å sjå deg på Voss!

Kommentar frå redaktør

Redaktøren i Frittfall er ein av arrangørane av jentesamlinga. I eit lite miljø som fallskjermmiljøet har ein ofte fleire roller, og difor er det viktig for meg at dette kjem tydeleg fram.

Powered by Labrador CMS