LUKE 21: Gudvangen Fallskjermklubb
I luke 21 kan du lese om Gudvangen Fallskjermklubb.
gudvangen-fallskjermklubb, julekalender2025
Eit rekordår
2025 vart eit år der Gudvangen Fallskjermklubb verkeleg synte kva ekte grasrotfallskjermhopping kan vere. Ein liten, dedikert gjeng skapte nok ein gong nokre av dei mest spektakulære hoppa i Noreg. Det er lett å forstå, sidan vi har heimebane midt i det dramatiske vestlandslandskapet. Denne sesongen sette vi 54 helihopparar og 2 tandemar ut i eventyret.

Som alltid i Gudvangen ligg fokuset vårt på spesialoperasjonar, fjellflyging og demohopp. Vi er stolte av å seie at alt vart gjennomført trygt og sikkert – og det takkar vi dei høgt erfarne medlemmene våre for, som stadig stiller opp med fagkunnskap, engasjement og profesjonalisme.
Ei særleg helsing går til årets einaste tandemgjest, Per Steinar Moa, som levde GFK-stemninga fullt ut og berre måtte tilbake for meir. Vi elskar det!

Klubben vår har òg markert seg internasjonalt. Medlemmar frå GFK hadde nøkkelroller i organiseringa av den vellykka Freefly-verdsrekorden i USA, både som arrangør og tryggleikskaptein. Neste sesong tek vi den kompetansen heim att. I samarbeid med Tønsberg Fallskjermklubb skal vi arrangere Nordic Records 2026 – eit back-to-back big-way-prosjekt med tre fly i lufta og mål om 60-veis formasjonar i både freefly og FS.

Fellesskapet rundt Gudvangen Fallskjermklubb er sterkt, varmt og løftande – og alltid villig til å gjere krevjande ting saman for å halde sporten rein og ekte.
Tusen takk til alle medlemmar og støttespelarar – vi set umåteleg pris på dykk.

Vi gler oss til å sjå dykk på julebordet 15. desember.
Me sjåast til ein skikkeleg kosekveld – med god stemning, mykje fliring og ekte Vossamood.
